Utgangspunktet vårt er på kysten av Vestlandet, langt frå næraste jernbanestasjon. Det skremmer oss likevel ikkje frå å ta tog til Lisboa – eit anna ytterpunkt av Europa.

For togentusiastane Gaute (49) og Sigrid (16) er det nødvendig å starte med ein times biltur, før vi tar bussen frå Førde. Etter ein ni timars busstur skulle vi gjerne ha hoppa på eit tog frå hovudstaden, men det er ikkje så mange avgangar å velje mellom.

Bussavgangar vidare til Gøteborg finst det derimot rikeleg av. Ekspressbussar er OK, ein kjem raskt fram og det er ofte brukbart internett om bord, men tog er alltid betre. Dei siste mila frå Gøteborg til Varberg reiser vi langs skinnegangen. Det er omtrent så langt det er mulig å komme seg frå Vestlandet den første dagen.

Den nødvendige overnattinga gjer at vi oppdagar Varberg, ei perle av ein by med lave, gamle hus og stille gater. Det vesle pensjonatet vårt er nydeleg, men opplevinga blir litt forstyrra av at vertinna sender meg ei klage på sms etter at eg har fylt ut booking-tilbakemelding med toppkarakter på alle punkt unntatt eitt, som fekk nest beste. Ho har gått ned på recensionen, skriv ho. Slik blir det når alt skal talfestast.

Buss for tog i Danmark

Vidare gjennom Sverige går det radig, men i København må vi dessverre finne buss-sete på ny. Danskane skal få lyntog, og i mellomtida, mens byggjearbeidet står på, er det togbuss til Rødby. Skal du ta denne, så pass på å stå på rett side av Hovedbanegården (ikkje sida mot Tivoli). Skilta peikar i alle retningar og er lite å rette seg etter.

Erstatningsopplegget til DSB er ikkje veldig imponerande. På Rødby Ferge går vi av bussen, og alle passasjerane må vente på perrongen i ein halvtime, under open himmel og utan tilgang til toalett. Endeleg kjem så toget, og vi kan køyre om bord i ferja, eitt av tre attverande ferjesamband i Europa som tar passasjertog. Rødby-Puttgarden gjev oss ein herleg pause og vi kan sitje og nyte havutsikten i ferjekafeen.

Gjennom Tyskland er farten høg, og i Frankrike endå høgare. På høgfartsbana mellom Strasbourg og Paris, som opna for trafikk i 2016, kan TGV-toga gå i 320 km/t. Like raskt går det unna mellom Paris og Bordeaux, der den nye linja stod ferdig i 2017.

Det siste strekket frå den fransk-spanske grensa tek vi med eit somle-nattog som går heilt fram til målet for turen. Vi har reist frå Holmedal, og nådd fram med tog til Lisboa.

Flere gjestebloggere

Har du også lyst til å skrive på Togbloggen? Her er det plass til flere gjestebloggere! 

Med tog til Lisboa – ein sjarmerande by

Lisboa er ein sjarmerande by med gamle hus, trikkar i bratte bakkar og mange sjåverdigheiter, blant anna sjøfartsmuseet som viser Portugal si stolte historie på havet. Blant dei meir kuriøse er byen sitt ølmuseum. Vi bur ved Praca des Flores, ein stille, liten park der ein kan sitje og filosofere på ein benk under store, skyggefulle tre, eller ein kan drikke kvitvin på fortausrestauranten på hjørnet.

Nattog til Madrid – og Paris

Men togtrangen kjem igjen, eg må vidare, no i lag med Magnhild (48). Ein kveld tar vi nattoget til Madrid. Det viser seg å ha kjønnsdelte kupear, men eg hadde kjøpt felles billett til oss på ”gentlemen”. Konduktøren er streng; ”girls with girls and boys with boys”, seier han, og forviser kona mi til ei anna vogn. Køya hennar er det ein annan nordmann som får, heller ikkje han får ligge i lag med sine næraste. Togselskapet Renfe passar på at det ikkje skjer usømelege ting undervegs.

Etter togbyte i Madrid og Barcelona går turen vidare med somletog opp i Pyreneane. Gjennom tronge dalføre og stadig hyppigare tunnelar sneglar vi oss opp i 1500 meters høgde, før grensa mot Frankrike og stasjonen med det minneverdige namnet Latour de Carol-Enveitg.

Her byter vi over til det minste nattoget eg har reist med nokosinne – lokomotiv og to vogner – som går heile vegen til Paris. Franskmennene har det travelt med å leggje ned nattoga sine, her er det gammalt materiell med fotpumpe for skyljing på toalettet og vindauge av typen som kan opnast. I liggevogna er det køyer i tre etasjar. Eg trøyster meg med at dei låg nok trongare stua om bord på slaveskipa, og medpassasjerane i kupeen – no av begge kjønn – er trivelege.

Stopp på øya Rügen

På heimvegen tar vi eit stopp på øya Rügen i Nord-Tyskland. Ikkje mange gjennomreisande togturistar frå Skandinavia her, og det er verkeleg synd, for denne øya har mykje å by på – ein nasjonalpark med kalkklipper og bøkeskog, flotte strender, gode fiskerestaurantar og mykje spennande historie. Blant anna bygde nazistane eit badehotellanlegg i Prora som er eit av verdas største bygningskompleks, men det blei aldri tatt i bruk slik som tenkt sidan andre verdskrigen braut ut.

Grunnen til at ikkje togturismen er større på Rügen, er nok at det ikkje går ekspresstog hit frå større, sentrale byar, berre trege regionaltog.

Vi hadde planlagt å komme oss frå Paris til havnebyen Sassnitz på ein dag, men det gjekk ikkje takka vere store forseinkingar i varmen (40 C°) på tognettet i Belgia, Nederland og Tyskland. Men sjølv om det tar litt lengre tid, kan det vere eit godt alternativ til ”melkeruta” gjennom Danmark. Frå Sassnitz tar vi ferja til Trelleborg, som ligg ein halvtime med tog frå Malmø.

Nettsider som var til nytte i planlegginga av denne reisa med tog til Lisboa