Med tog til Marokko – og heim igjen! Gjestebloggar Gaute Losnegård hadde reiseruta klar da han la ut frå Bergen stasjon, og han nådde målet, sjølv om storm og koronakrise endra planane undervegs.

Lenge før koronaen stengde europeiske grenser og saboterte internasjonal togtrafikk, hadde eg planlagt ei reise med fleire formål: Besøke eldstebarnet som var i praksis i Kristiansand, sjå igjen vår favorittstorby Berlin og reise så langt sørover som mulig med tog i den vestlege enden av Afrika, pluss endå eit stykke.

Startpunktet var som vanleg Bergen stasjon, og vi fire i familien som ville besøke den femte hadde to sovekupear. Eg og kona delte ei flaske raudvin og skåla for at tog er eit teikn på sivilisasjon – flyruter kan opprettast og leggjast ned nærast på dagen, mens togruter krev nitid, avansert planlegging.

Storm i Skagerak

Turen til Kristiansand via Oslo gjekk heilt etter skjema, også med nye GoAhead på Sørlandsbanen.

Den vidare reisa blei derimot ikkje slik vi hadde tenkt, sidan vêret i Skagerrak kan vere stormfullt i februar. Ferja over til Hirtshals blei innstilt, og i staden laut vi reise rundt ”fjorden” via Oslo, Gøteborg og København. Om ikkje anna så fekk vi ei overnatting på det interessante Hotel Astoria frå 1935, berre eit steinkast frå Hovedbanegården, med Danmarks eldste svingdør.

Vi kom fram til Berlin ein dag for seint, men opphaldet i storbyen var fortreffeleg, med besøk både hos gamle kjente og utflukter til nye attraksjonar, denne gongen Spionmuseet.

Dessverre fortsette stormen i Nordsjøen, og dei tre som reiste nordover, blei på nytt forhindra frå å ta ferja. I staden måtte dei ta fly frå København for å rekke heim til vinterferiens slutt. Eg sjølv sat makeleg på raske tog sørover gjennom Tyskland, Frankrike og Spania.

Overnatting i Avignon og Gibraltar

Reisa frå Berlin til Algeciras tar to dagar, via Basel, Mulhouse, Madrid og Malaga, med ei overnatting i Avignon.

Det går tog heilt til Algeciras, men det er raskare å ta lyntoget til Malaga og så buss derifrå. Eg overnattar i Gibraltar og får ein halv dag i den erkebritiske enklaven, som har Europas einaste bestand av villaper.

Ferje over stredet – nattog sørover

Frå Tarifa, eit par mil sør for Algeciras, går det katamaranar direkte til Tanger by. Eg vel i staden å ta ei meir saktegåande ferje over stredet, for å kunne sitje ute på dekk. Den går frå sjølve Algeciras til Tanger Med, ei enorm, moderne industrihamn som ligg 50 km nordvest for bykjernen.

Mellom hamna og byen har marokkanske styresmakter bygt ei ny, elektrisk jernbane, det er berre det at der går det ingen tog. Det viser seg at det heller ikkje går bussar på strekninga, sjølv om dama i informasjonsdisken påstår det. Dermed blir mitt møte med kontinentet harde pruterundar med taxisjåførane.

Etter denne skuffande opplevinga er det oppløftande å komme til den strålande togstasjonen i Tanger, og på nattoget sørover har eg ein-manns kupé, ja eg er faktisk einaste passasjer i sovevogna.

Lenger enn til Marrakech kjem ein ikkje med tog. For å utforske meir av landet er det buss som gjeld.

Inn i grenselandet mot Sahara

Eg reiser vidare til kystbyen Sidi Ifni, overlevert frå spanjolane så seint som i 1969, og over Atlasfjella opp i over 2000 meters høgde, inn i grenselandet mot Sahara. Eg overnattar i tidlegare franske garnisonsbyar, på hotell med symjebasseng og bardisk, der det er kvite dukar og kelnerar i dress om kvelden.

Planen er å ta tog og ferje heilt heim.

Frå Fés, som vert kalla Marokko sin kulturelle hovudstad, med verdas største gamleby, går turen til Nador ved Middelhavet. Toget har grei standard, men lufteanlegget har ikkje så mykje kapasitet mot ørkenheten, og toalettet er eit hol ned på skinnene slik som vi hugsar i gamle dagar heime.

Heimreise i all hast

Men no held koronasituasjonen i Europa på å bli akutt, og på ferja over til Spania har mannskapet munnbind og temperaturmålarar.

I all hast tek eg fly heim frå Barcelona same dagen som Danmark stenger grensene sine.

Relevante lenker for ei reise med tog til Marokko
Planlegge ei reise med tog til Marokko? Denne bloggposten kan og vere nyttig